onsdag 24. august 2011

Jenter, det er jammen flott funne på

I går malte eg dette biletet, med sitat frå ei bok av Anna Gavlada som heiter Eg elska ho. Det er ei bra bok så langt. Eg brukte det utdraget frå boka i lag med motivet av eit kaffibord ovanifrå med vafflar og jordbær på, fordi ein ting eg syns jenter er flinke til er å ha det koselig. Vi er flinke til meir enn det altså, men det er ein av mange ting. Lerretet eg har brukt er rundt, og det er første gang eg malar på den forma. Eg syns formatet passa godt til motivet. Eg har malt ein del med akryl i det siste, og det er kjekt å gjere det igjen! Fantastisk å berre kunne male over og prøve på nytt viss noko blir feil. Eg har stort sett malt med akvarell det siste året, men før det malte eg nesten berre med akryl. Kanskje eg går inn i ein akrylperriode no? Kanskje eg berre hadde pause frå det med akvarell? Kven veit... Vi får sjå. Uansett kjekt å kunne variere. 

2 kommentarer:

  1. Oj, jøss! Det ordet virkar faktisk litt skremmande på meg, men eg tar det veldig som eit komplement. Tusen takk!

    SvarSlett