lørdag 10. januar 2015

Kart på vegg



Sånn blei det altså! Kartbildet oppe på veggen på nytt kjøkken. 

mandag 6. oktober 2014

Kart


Eg er veldig glad i kart. Eg likar å sjå på og gå etter kart, og endeleg har eg laga mitt eige. Eg har tatt med stader i området rundt der eg bur, og satt inn små prikkar på plassar som betyr noko spesielt for meg. Kartet skal få henge over kjøkkenbordet i den nye leilegheita tenkte eg, uten at eg heilt har bestemt meg for fargeval på kartet. Eg driv nemlig å planlegg korleis den nye leilegheita skal vere, og det er kjempegøy. Finne fram til fargar, møblar, planlegge kva vi treng, strikke litt på putetrekk, og få inspirasjon i interiørblader. 

mandag 14. juli 2014

Bursdagskalender






Eg hadde lyst på ein bursdagskalender – så då laga eg ein! No slepp eg å skrive ned bursdagar på kalenderen kvart år, men kan heller alltid ha denne. Hei full-kontroll-på-datoar-og-årstall! Og hei fine blomar!

tirsdag 13. mai 2014

La humla suse


Eg likar blomar og humler. Verda treng humler, men dessverre er humlebestanden på veg ned. Humler er viktig for matvareproduksjonen, og for at planter kan lage frukt og frø. Humler treng blomar som dei over. Du kan lese meir om det her. Bildet skal opp på veggen, og så skal eg plante meir utanfor. Det blir fint!

torsdag 10. april 2014

Lakalur blir matrosjka


Eg har malt ei matrosjkadukke med figurane fra boka om Lakalur! Bjørnen, Beltedyret, Lakalur, ein sopp og ein muffins er med.

Aasmunds skjortetevling




Eg prøvde meg i Vinjerock sin konkurranse om å lage design til årets festival-T-skjorte. Eg kom ikkje vidare, men vil likevel dele mitt bidrag. Det er saa viktig aa kosa seg, sa Aasmund Olavsson Vinje. Kloke ord. 

lørdag 1. mars 2014

Nytt i butikk!

Eg har lagt ut nokre nye bilder for salg i butikken min på Epla. Garn er tingen. Sjå her

onsdag 19. februar 2014

Strikkekrøllen


Strikke strikke strikke! Dette bildet er ganske upolert, med svake blyantstreker som viser, men eg synest det er fint sånn i kombinasjon med garnet. Eg har lagt det ut for salg på min Epla-butikk. Liker så godt at det på printet ser ut som om det er ekte garn!