
Eg ville lage eit univers som ein får lyst til å ta del i, med karakterar ein kan kjenne seg igjen i. Eg har laga tre karakterar, og gitt dei personligheit og eigenskapar. På utstillingen skal eg henge opp ein lapp til kvar av figurane som fortel litt om kven dei er. Her kan du sjå kva som skal stå:
Denne rare, lille trioen bur i ein skog som kallast Hoggipollaskogen. Der finn dei på mykje sprell, som å fly med ballongar og grave hol i bakken. Dei er gode vener, og om natta søv dei stille og rolig i eit stort tre med masse greinar på. Eller alle utanom lille Basse søv stille, han brummar i søvne når han om drøymer om pannekaker med blåbær.
Pikkonito er eldst av dei tre. Han har kort lunte og blir fort sint. Han er ein liten luring, og finn på mykje rampestrekar. Han er glad i å lage papirfly og fly med dragar, og kunne ønske han kunne fly sjølv. Han likar ikkje å spele trompet eller høyre på musikk. Den einaste musikken han likar er fuglesong, og han har to små vener som er kjøttmeisar. Pikkonito sin yndlingsfarge er grøn, og han elskar å springe så fort han kan.
Basse er minst i troen, og brukar framleis bleie. Han tenkar på mat frå morgon til kveld, og litt om natta også. Men han får tid til å tenke på kaninvenen sin innimellom, og på ballongar og karusellar. Basse er veldig nyskjerring, og vil utforske alt. Når han kjedar seg pillar han seg i nasa, syng eller et blomar. Favorittfargen hans er blå som blåbær, og det passar bra sidan det beste han veit er pannekaker med blåbær.

Fantastisk altså! Og veldig morsomme kommentarer:) Imponert til de grader!
SvarSlettKjempefint.Dette blir spennende, lykke til Kamilla:)....og eg vil gjerne kjøpe bildet.........EG VIL HA PIZZAAAAAA!!!!!
SvarSlettTakk! Hehe, det skal du få kjøpe, viss ikkje det blir solgt på utstillingen ;-)
SvarSlettDå blir det i så fall ein tøff budrunde:)
SvarSlettArtige figurer du har laga, skjønne personlighetr de har ! Gleder meg å sjå utstillinga!
SvarSlett