torsdag 14. april 2011

1 år! Hurra!

Eg posta mitt første blogginnlegg for eit år sidan på tirsdag (19. april). Så no har snart bloggemeg jubileum! Eg syns det var litt skummelt å legge ut bileta mine til å byrje med, men no har eg sett at det er ein veldig bra måte å få vist kva eg holder på med :-) Dessutan ser eg då at eg faktisk har gjort noko, istadenfor at bileta skal bli glømt i ei skuff eller på maskina mi, uten å bli sett på av nokon.

 

Eg syns eg har oppnådd masse dette året! For å oppsummere litt: Eg har komt inn på NISS, flytta til Oslo, oppdaga ei ny verd av illustrasjonar på internett - det er så mange flinke folk! 


Og så har eg hatt ein utstilling! Eg har blitt fascinert av stop-motion. Laga visittkort. Laga ei bok. Gjort performance (merkar dette kan minne om skryting, men det er det ikkje altså). Men eg har rett og slett funne ut kva eg vil, og det føles bra. Eg er klar over at å leve av ein illustratørjobb ikkje alt anna enn lett, men eg er klar for å prøve. Eg skal fortsette å lage bilete som gir meg glede. Eg vil halde fram med å utvikle meg, prøve nye teknikkar, ha trua på meg sjøl, gjere mitt beste og alltid jobbe for å bli bedre.

Takk for følget dette året! God påske! (Jepp, eg skal til Kina!)

3 kommentarer:

  1. Du har all grunn til å være superstolt! Du er min favoritt-illustratør, hands down.

    SvarSlett
  2. Du har vært flink, opplevd masse og alltid kjekt å lesa bloggen din og sjå ka du har laga.....:)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med blogg-jubileum! Det må feires! Jeg er helt sikker på at du kommer til å lykkes godt som illustratør, du er den mest kreative personen jeg vet om! :-)

    SvarSlett