fredag 11. mars 2011

Kassettbrødristar


Hehe, ja, ein kasettbrødristar. Oppgåva vi holder på med på skulen no går ut på å utvikle eit produkt, frå idé og skisse til 3D. Så eg har komt på denne ideén med ein brødristar som ser ut som ein kassettspelar, og som du skal kunne legge brødskjeva inn i som med ein kassett :-) Eg vil ha knappar med play for å starte å riste, stopp for stopp, spol og meir spol for grad av risting, og mute, neste-sang-knapp og volum. For den skal jo kunne spele ein sang sjølvsagt! Medan skjeva blir rista skal det komme ein fin melodi, og når skjeva er klar stoppar musikken og luka åpnar seg. I tillegg skal den ha ein funksjon som gjer at det blir eit mønster på brødet som ein kassett. Hehe, eg har hatt det kjekt med å utvikle ideen, og eg kunne ønske det fanst ein sånn brødristar! Neste veke blir utfordringen å bygge den. Eller ein prototype då. 

Her er eit Moodboard. Stikkord er retro, organisk, enkle former, stilreint, glatt og einsfarga. Eg skal ha ein farge + kvit, og det har stått mellom sjøgrønn-turkis og gul, men det blir den sjøgrønne. Inspirasjon til designet har eg også henta fra ein liten kassettspelar eg hugsar eg hadde som liten. 

4 kommentarer:

  1. Gleder meg til å få se ferdig resultat! Godt valg av farge også;)

    SvarSlett
  2. Kjekt du likte fargen! Når du kjem til Oslo skal eg ta deg med på milkshake på Cafe Laundromat! Dei har dei sånne fargar, og det er så fint :-)

    SvarSlett
  3. Ein kjempeide:).....sjekk med broren din som går på produktutvikling så er det berre å sette den i produksjon....lykke til:)

    SvarSlett
  4. Ja! Det tenkte eg ikkje på. Der har du ein kjempeide! :-)

    SvarSlett