tirsdag 22. mars 2011

SE OPP!

Som nevnt før, så har eg jobba med seriar når eg har laga illustrasjonane til Se Opp-utstillingen. Eg har laga nokre seriar med eit tema, nokre som lagar ei historie når dei heng ved sidan av kvarandre, nokre med motiv som går over to rammer, og nokre som fungerar som ei teikneserie. Eg syns det har vore interessant å utforske dette for det er ikkje kvar dag ein får sjansen til å henge opp mange bilete på ein vegg!

Eg ville lage eit univers som ein får lyst til å ta del i, med karakterar ein kan kjenne seg igjen i. Eg har laga tre karakterar, og gitt dei personligheit og eigenskapar. På utstillingen skal eg henge opp ein lapp til kvar av figurane som fortel litt om kven dei er. Her kan du sjå kva som skal stå:

Denne rare, lille trioen bur i ein skog som kallast Hoggipollaskogen. Der finn dei på mykje sprell, som å fly med ballongar og grave hol i bakken. Dei er gode vener, og om natta søv dei stille og rolig i eit stort tre med masse greinar på. Eller alle utanom lille Basse søv stille, han brummar i søvne når han om drøymer om pannekaker med blåbær.

Pikkonito er eldst av dei tre. Han har kort lunte og blir fort sint. Han er ein liten luring, og finn på mykje rampestrekar. Han er glad i å lage papirfly og fly med dragar, og kunne ønske han kunne fly sjølv. Han likar ikkje å spele trompet eller høyre på musikk. Den einaste musikken han likar er fuglesong, og han har to små vener som er kjøttmeisar. Pikkonito sin yndlingsfarge er grøn, og han elskar å springe så fort han kan.

Basse er minst i troen, og brukar framleis bleie. Han tenkar på mat frå morgon til kveld, og litt om natta  også. Men han får tid til å tenke på kaninvenen sin innimellom, og på ballongar og karusellar. Basse er veldig nyskjerring, og vil utforske alt. Når han kjedar seg pillar han seg i nasa, syng eller et blomar. Favorittfargen hans er blå som blåbær, og det passar bra sidan det beste han veit er pannekaker med blåbær.

Lulilla er mellomst, og ho likar å bake og søle. Ho er musikalsk, og glad i å spele trekkspel og danse. Ho har alltid ei sløyfe på hovudet, og favorittfargen hennar er lilla. Lulilla likar å kose med katten som bur i skogen, men katten likar eigentleg best å klatre i tre. Ho er glad i alle dyr, og kunne ønske dei kunne snakke. Lulilla elskar å ligge på ryggen på bakken og sjå opp på skyene, og tenke på kva dei er forma som. Som oftast er dei forma som polkagrisar og flodhestar.

5 kommentarer:

  1. Fantastisk altså! Og veldig morsomme kommentarer:) Imponert til de grader!

    SvarSlett
  2. Kjempefint.Dette blir spennende, lykke til Kamilla:)....og eg vil gjerne kjøpe bildet.........EG VIL HA PIZZAAAAAA!!!!!

    SvarSlett
  3. Takk! Hehe, det skal du få kjøpe, viss ikkje det blir solgt på utstillingen ;-)

    SvarSlett
  4. Då blir det i så fall ein tøff budrunde:)

    SvarSlett
  5. Artige figurer du har laga, skjønne personlighetr de har ! Gleder meg å sjå utstillinga!

    SvarSlett