torsdag 5. mai 2011

Semesteroppgave: Dyr og menneske!

Eg vil utforske sammenhengen mellom dyr og menneske. Dyr og menneske har ulike trekk og eigenskapar som gjer oss ulike og unike, og eg vil gå inn i denne tematikken, men sjå på kva likheiter og sammenhengar vi har. Eg syns av og til at nokre menneske lignar på dyr og at nokre dyr lignar på menneske. Eg ser t. d ein sammenheng mellom ein struts og ei gammal dame...


Kjelde: google


Er det nokre dyr og menneske du syns lignar? Eg tar gjerne i mot tips!


Oppgåva mi innholder mange spørsmål eg skal prøve å finne ut av. Undersøking er er ein viktig del av prosessen, og prosessen er alfa og omega. Her er lista mi:
1. Kva er det som gjer at eg tenkar at nokre dyr og menneske liknar?
2. Kven er det som liknar?
3. Korleis kjem dette fram?
4. Kan mennesker ha samme eigenskapar/personlegheitstrekk som dyr eller omvendt?
5. Er det då det som spelar inn og skapar likheit, eller er det berre utsjånad?
6. Er det nokre dyr og menneske som liknar kun p.g.a eigenskapar og andre kun p.g.a det ytre?
7. Kvifor liknar ofte hundar på eigaren sin?
8. Kor går grensa mellom å likne på et dyr eller et menneske og å ikkje likne?
9. Er det mennesker som liknar på dyr eller dyr som liknar på mennesker...?
10. Kor går grensa for kva som er menneskelige og dyriske eigenskapar og trekk?

I følge denne testen lignar eg på ein krokodille, og i følge ein an på ein hest. Dette er jo basert på personligheit og ikkje utseende. Jaja. På utseende trur eg at eg lignar ei rotte. Berre sjå. Heilt lik.



Kva dyr lignar du på? :-)

Korleis eg skal løyse oppgåva mi veit eg ikkje heilt enda. Er litt kaos akkurat no, men eg må få inn litt teikning. Her er nokre av skissene mine så langt:

1 kommentar:

  1. Stå på Kamilla !
    Artig oppgave, dette klarer du fint !

    SvarSlett