lørdag 14. mai 2011

Skummelt og koselig

Eg holder egentlig på med semesteroppgava mi om dagane, men siden det er lørdag i dag tenkte eg at eg kunne ta meg friheiten til å male eit sommarbilde :-) 
Eg syns dette bildet er litt skummelt samtidig som det er koselig. For når eg badar om sommaren pleiar eg å tenke på alle fiskane og andre skapningar som er der nede i vatnet, som eg ikkje kan sjå. Men dei er jo ikkje farlege. Eigentleg er dei fine. Eg har brukt salt for å få prøve å få fram brusing og boblar. Det er gøy, og så veit ein aldri heilt korleis det blir. Det likar eg. Eg har lyst å male eit til bilde som viser verda på land ovanfor dette bildet. Det får bli ein an dag. 

PS: fargane blir blasse når eg scannar, derfor likar eg å ta foto som visar dei ekte fargane (det øveste scanna, dei andre foto). 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar