søndag 15. mai 2011

Skisser til semesteroppgave!



No skal eg snart ta fatt på den siste veka med semesteroppgavejobbing! Eg har skissa, researcha og tenkt i to veker, og no gjenstår å lage eit resultat. Eg har tenkt å lage to sett-strek-mellom-dei-du-syns-passar-sammen-oppgaver... :-)

Eg har lært masse om ulike dyr desse to vekene! Som at ein bever ikkje likar lyden av rennande vatn, så han lagar demning, at ein gullfisk kan sjå forskjell på ulike mennesker, at ein gepard kan springe i 110 km/t, og at ein strutseunge kan springe så fort som dei voksne etter ein månad. Kjekt å vite. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar