torsdag 9. august 2012

Illustratør

Siden sist har eg laga to små bursdagskort til to små bursdagsbarn, fått meg nye briller og flytta inn i to siloar. Blant anna. I min nye heim har eg fått min heilt egen store skrivepult! Så no slipp eg rydde vekk malingen og alt pikkpakket mitt når det er middagstid. Det blir bra! Eg holder på å rigge meg til, og trur det blir ein veldig bra arbeidsplass å vere kreativ på. Gledar meg til å sette i gang. Eg har mange prosjekt eg vil jobbe med, og eg er jo ferdig på skulen, men syns det er så rart å kalle meg illustratør... Det er jo ingen beskytta yrkestittel, så alle kan kalle seg det, slik som med for eksempel fotograf. Ein må vel berre føle at det er naturlig å kalle seg det, men eg gjer ikkje heilt det. Enda. Eg trur det kjem av at eg ikkje tjener penger på dette. Planen i høst er å jobbe på ein arbeidsplass der eg får lønn på kontoen, og begynne å etablere meg som illustratør, med å lage nettside og liknande. "Believe you can and you are halfway there" har eg lest. Eg jobbar med saka. "Eg vil eg vil - då får eg det til", ville Lakalur sagt. Eg hører på han, og forhåpentligvis vil eg snart kunne seie: "Hei, eg heiter Kamilla og eg er illustratør" :)

4 kommentarer: