mandag 6. oktober 2014

Kart


Eg er veldig glad i kart. Eg likar å sjå på og gå etter kart, og endeleg har eg laga mitt eige. Eg har tatt med stader i området rundt der eg bur, og satt inn små prikkar på plassar som betyr noko spesielt for meg. Kartet skal få henge over kjøkkenbordet i den nye leilegheita tenkte eg, uten at eg heilt har bestemt meg for fargeval på kartet. Eg driv nemlig å planlegg korleis den nye leilegheita skal vere, og det er kjempegøy. Finne fram til fargar, møblar, planlegge kva vi treng, strikke litt på putetrekk, og få inspirasjon i interiørblader. 

1 kommentar:

  1. For et fint klart! Gleder meg til å se det på nymalt vegg i nyinnkjøpt leilighet!

    SvarSlett