torsdag 19. mai 2011

Semesteroppgåve vår 2011!

Klarar du det? ;-)

Ikkje så lett å gjere over dataskjerm kanskje, men den første oppgåva går på utsjåande og den andre på eigenskapar. 

Dette er resultatet av mi semesteroppgåve. Eg har delt ut oppgåvene til folk i klassen i dag, og dei fleste satt strekar sånn eg har tenkt med kven eg syns lignar på kvarandre. Men ikkje alle hadde samme svar som eg hadde tenkt, og det tok litt tid for nokon. Det viser at det ikkje var for lette oppgåver, og det er eg fornøgd med (frykta først at dei ville passe best i ein barnehage). Men det at ikkje alle svara likt, eller at det krevde litt tenking, kan komme av uklare tegningar sjølvsagt, men og at dei ikkje ser samme likheiter mellom menneske og dyr som meg.

Dette var ein av dei tinga eg ville finne ut av. Eg har nemleg korta ned spøsmåla mine etter sist gang eg skreiv om dei på bloggen, og dette er det eg vil finne ut:
Kva er det som gjer at eg tenkar at nokre dyr og menneske lignar? Og får andre folk samme assosiasjonar som meg? Kan ein sjå likheiter gjennom dyr og menneske sine felles eigenskapar, eller er likheitene berre basert på utsjånad? Og er det lettast å sjå likheit gjennom eigenskapar, eller gjennom utsjånad?

Det var interessant å få tilbakemelding på oppgåvene mine, om kva som var vanskelegast av 1 og 2, og om alle svarte slik eg hadde lagt opp til. Tilbakemeldingane vil hjelpe meg når eg skal prøve å besvare spørsmåla eg har stilt, og skrive refleksjonsnotat...

Refleksjonsnotat, here I come. Når eg er ferdig med deg i morgon ein gang, drar eg til Stockholm og finaste Marta! Eg gler meg, og det blir godt etter nokre dagar med mykje jobbing :-)

7 kommentarer:

  1. Ooo, på en 1: fisk-baby, skilpadde- gammel mann, hamster-jente, ugle-mann med briller, giraff-person med lyst hår, struts-gammel dame. Og på 2: bever-mannen med øks, fisk-gutt i badebukse, hamster-damen som har handlet (hamstret..hihi), gepard/leopard/og den tredje jeg ikke husker-han som har løpt, skilpadde-gammel mann.
    Den første var faktisk ganske så vanskelig ass! God tur til Stockholm og hilse masse til Marta!

    SvarSlett
  2. Oj, ikkje verst! Alt rett, eller "rett". Morsomt at du tenker at uglepersonen er ein mann, for eg hadde tenkt at det var ei dame, med permanent. Men alt er relativt. Tusen takk for svar! Skal ta det med i statistikken ;-) Forresten var det flest som syns at oppgåve 2 var vanskligast. Åh, min kjærleik for statistikk for utløp.

    SvarSlett
  3. haha, kunst skal jo tolkes. Håper kjærleiken for statistik stadigvekk er med deg, imponerende at du liker det ass;)

    SvarSlett
  4. Så fine dem var!
    Du burde jo nesten hatt dem med i headeren din ;) Hamster, ugle og katt var mine 3 favoritter!

    SvarSlett
  5. Takk Frk. Fjong! Kanskje eg skal lage meg ein ny header... :-)

    SvarSlett
  6. Ekstra stilig at du har fått en hamster på skulderen i profilbildet ditt, I like!

    SvarSlett
  7. Hehe, takk! Ja, vi er venner hamsteren og eg.

    SvarSlett